"Einslege, mindreårige asylsøkjarar frå Afghanistan kan returnerast til Kabul, seier generalsekretær Sylo Taraku i organisasjonen Likestilling, integrering og mangfald, LIM.
Taraku meiner det er trygt i Kabul, og han seier han har støtte for dette også frå FN-organisasjonen UNCHR og frå Utlendingsdirektoratet UDI. Han meiner at dei mindreårige som kjem frå andre stader i Afghanistan, bør sendast til Kabul, anten etter mellombels opphald i Norge til dei er 18 år eller dersom det blir oppretta norske omsorgssentra der, slik Arbeiderpartiet har gått inn for.
/.../
– Når norske styresmakter innlosjerer flyktningar og asylsøkjarar på hotell, blir det spreidd bilete av luksusinnkvartering via smarttelefonar. Det høge innvilgingsprosenten har skapt forventingar om at opphald er nesten garantert, skriv han i ein kronikk.
Sylo Taraku seier at dei individuelle asylhistoriene kan variere, men at det går igjen hos mange unge gutar frå Afghanistan at dei fryktar tvangsrekruttering til Taliban.
– Men det er ikkje slik Taliban opererer. Dei treng ikkje drive tvangsrekruttering, seier han."
http://www.nrk.no/norge/_-einslege-mindrearige-kan-returnerast-til-kabul-1.12645537